Helse Fonna skal vere ein tryggleiksbase for folk.
Vi skal ta hand om og stabilisere akutte sjukdoms- og skadetilfelle, og særleg konsentrere oss om behova i dei store sjukdomsgruppene som treng nærleik til tenestene.
Fordelen vi har med å vere i nærleiken av pasientar, pårørande og primærhelsetenesta skal vi dra nytte av.
Vidare skal vi utvikle desentraliserte tenestetilbod og samhandlingstiltak til beste for pasientane, saman med kommunane i regionen.
Styringsdokument frå Helse Vest
Helse Vest RHF er eigar av Helse Fonna HF og dei andre helseføretaka i vest, Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Kvart år leverer Helse Vest eit styringsdokument til dei lokale føretaka. Dokumentet er ei bestilling på kva føretaket skal drive med i det komande året. Styringsdokumentet beskriv hovudområde for styring og oppfølging, helsefaglege styringskrav, ressursgrunnlag, økonomiske og organisatoriske krav samt krav til rapportering på verksemd og resultat.
Styringsdokument frå 2005 og fram til i år kan du laste ned frå menyen til høgre.