Helse Fonna gir spesialiserte helsetenester til ei befolking på over 170 000 menneske i Nord-Rogaland og Sunnhordland, fordelt på 19 kommunar.
Vårt tilbod omfattar fire sjukehus og fire distriktspsykiatriske senter (DPS); Haugesund sjukehus, Stord sjukehus, Odda sjukehus og Valen sjukehus, Folgefonn DPS, Haugaland DPS, Karmøy DPS og Stord DPS.
I tillegg til spesialiserte helsetenester skal vi drive med forsking, utdanne helsepersonell og sørge for opplæring av pasientar og pårørande.
Det er om lag 3200 tilsette i Helse Fonna. Administrasjonsstad er i Haugesund.
Målsetting
Helse Fonna skal vere ein tryggleiksbase for folk, vi skal ta hand om og stabilisere akutte sjukdoms- og skadetilfelle, og særleg konsentrere oss om behova i dei store sjukdomsgruppene som treng nærleik til tenestene. Denne fordelen vi har med å vere i nærleiken av pasientar, pårørande og primærhelsetenesta skal vi dra nytte av.
Vidare skal vi utvikle desentraliserte tenestetilbod og samhandlingstiltak til beste for pasientane, saman med kommunane i regionen.