For personar med psykisk liding kan god opplæring og meistring av sjukdommen vere like viktig som medisinsk behandling.
På lærings- og meistringskurs vil du treffe andre i same situasjon og oppleve at dine spørsmål og svar er nyttig lærdom for fagfolk og dei andre i gruppa. Mange av våre tilbod rettar seg òg mot pårørande.
Kven kan delta på LMS Psykisk helsevern sine læringstilbod?
Læringstilboda er opne for alle som kjenner at dei tema som blir tatt opp møter deira behov. For nokre få kurs er det naudsynt med tilvising frå lege. Det vil i så fall gå fram av invitasjonen til det konkrete kurset.
LMS Psykisk helsevern gir tilbod om rullerande kurstilbod som blir gjennomført på ulike stader i distriktet. Meir informasjon om dei einskilde kursa finn du i felles aktivitetsplan for LMS.
-
Å leve eit friskare liv (for pasientar og pårørande, på tvers av diagnosar)
-
Pasientopplæring og/eller temakveldar på ulike DPS
-
Pårørandekurs – aldersdemens
-
Pårørandekurs – ADHD/ADD/Tourette
-
Pårørandekurs – psykose og stemningslidingar
-
Pårørandekurs – rusmiddelavhengnad
-
Informasjonsdag – for pasientar og pårørande (Valen sjukehus)
Medarbeidarar ved LMS Psykisk helsevern
Sigrid Bøthun – leiar, tlf. 53 46 65 57 mobil 958 38 810,
sigrid.boethun@helse-fonna.no
Aase Borgen Haktorson – psyk. sjukepleiar, tlf. 53 46 64 14 mobil 902 75 015,
aase.borgen@helse-fonna.no
Kari Vik Stuhaug – familieterapeut og teolog, tlf. 52 73 27 35 mobil 970 28 166,
kari.vik.stuhaug@helse-fonna.no
Vibeke Rygh Grøndal – sekretær, tlf. 53 46 64 38 –
vibeke.r.grondal@helse-fonna.no
Wenche Evensen - erfaringsmedarbeidar, tlf. 53 46 64 38
wenche.evensen@helse-fonna.no
Besøksadresse
Valemon 1. Etg., Valen sjukehus
Postadresse
LMS – psykiatri, Valen sjukehus, 5451 Valen
Telefon: 53 46 64 38
Telefaks: 53 46 64 03
E-post: LMS.psykiatri@helse-fonna.no