Designelement
 

Lærings- og meistringssenteret, Haugesund 



 LMS voksne

Medisinsk behandling kan ikkje avhjelpe alle helseproblem.

Ved kronisk eller langvarig sjukdom er opplæring og meistring av sjukdommen minst like viktig. Lærings- og meistringssenteret (LMS) ved Haugesund sjukehus Helse Fonna blei etablert i 2002 og var det første på Vestlandet.

Kvar er vi?
LMS Haugesund held til ved Haugesund sjukehus. Dei tilsette har kontor i 3. etasje i austblokka med inngang frå Karmsundgata ved busshaldeplassen.

Vi har drive pasientskular, rådgiving og rettleiing av kronisk sjuke sidan 1997, og i 2002 blei vi eit godkjent Lærings- og Meistringssenter.

Kurs
Det blir jamnleg arrangeret kurs for dei store kronikargruppene. Dette gjeld KOLS, diabetes og hjartesjukdom. Elles varierer kurstilbodet med etterspurnaden og kva fagressursar vi har tilgang på.

 LMS barn

Kurstilbod LMS-barn
Er du mor eller far til barn med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne?
Lærings- og meistringssenteret - barn

Last ned brosjyre
Velkommen til Nettverkskurs

Kurstilbod for familiar
Kursa er for foreldre som har barn med kronisk sjukdom og/eller nedsatt funksjonsevne. Nokre av tilboda gjeld også barnet.

  • Tilvising frå lege er naudsynt om du ikkje går til oppfølging i Helse Fonna
  • For barn over 16 år, gjeld eigenandel som ved poliklinisk time
  • Kursa blir arrangert etter behov
  • Kursa er på dagtid
  • Foreldre har rett til opplæringspengar (fri frå jobb for å delta)

Læring- og meistringsenteret LMS-barn kan tilby kurs innan

  • Astma (barn og foreldre)
  • Matvareoverkjensle/matvareallergi
  • Eksem
  • Barn med medfødd hjartefeil*
  • Cøliaki
  • Autisme
  • Epilepsi*
  • ADHD/ Tourette
  • Revmatisme*
  • «Starthjelpkurs»: Eit kurs for foreldre som har fått barn med nedsett funksjonsevne
  • Eneurese*

(kurs merka * arrangerast ved behov)

Andre tilbod frå læring- og meistringsenteret

  • Nettverk/barnevaktkurs er for deg som har ansvar når mor og far ikkje er der: barnehage/skulepersonell, besteforeldre, nettverk rundt barnet. Ein av foreldra må være med på kurset. LMS har tilbod om kurs innan:
  • Astma
  • Matvareallergi
  • Epilepsi
  • ADHD/Tourettes syndrom
  • Diabetes

Hva med oss?/Hva med meg? BUF-etat* arrangerer parkurs og kurs for aleineforeldre som har barn med kronisk sjukdom og/eller nedsett funksjonsevne. For påmelding og meir informasjon, ring 57 62 87 20 eller sjå www.hvamedoss.no (* Barne-, ungdom- og familiedirektoratet)

Samarbeidspartnarar
www.mestring.no
www.familienettet.no

Kursa blir til i samarbeid mellom foreldrerepresentanter frå aktuelle  brukarorganisasjonar, og fagpersonar frå sjukehus, kommune og Læring- og meistringsenteret. Om du har spørsmål, vil vi gjerne høyre frå deg.

 LMS Haugesund

 Kursoversikt

 Kontaktinformasjon



For spørsmål, meir informasjon og påmelding, ta kontakt med Læring- og meistringsenteret.

Sentralbord LMS
Telefon: 52 73 28 80
E-post: lms.Haugesund@helse-fonna.no

LMS voksne

Christense Eileraas Ek

Funksjonsleiar
Telefon: 52 73 28 81

Bente Tove Mølstre Knutsen
Koordinator

Liv Esther Jacobsen
Sekretær

LMS barn

Sølvi Heimestøl
Koordinator
Telefon: 52 73 28 88

Ingebjørg Mortveit
Koordinator
Telefon: 52 73 28 87

Læring- og meistringsenteret Haugesund
Besøksadresse
Haugesund sjukehus, Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Postadresse
Postboks 2170, 5504 Haugesund

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest