Tilbod for ungdom og vaksne med medfødte eller tidleg erverva samansette funksjonshemmingar med behov for spesialisert helsetenester.
Teamet har stillingar for vernepleiar, pedagog, barnevernpedagog, psykolog, ergoterapispesialist og faste avtalar med legespesialist.
Målgruppe ungdom og vaksne med medfødte eller tidleg erverva samansette funksjonshemmingar med behov for spesialisert helsetenester.
Som vaksen reknar ein personar frå 18 år og oppover.
Teamet har breide i spesialkompetanse, arbeider særfagleg og tverrfagleg og har faste avtalar med legespesialist.
Oppgåver
- Spesialisert undersøking og diagnostisering
- Oppfølging av tilrettelagde tiltak
- Spesialisert behandling, trening, tilrettelegging av miljø innan omsorg, skule, sysselsetting, i høve til enkeltpersonar og grupper.
- Rettleiing, rådgjeving og kompetanseoppbygging til kommunale, statlege og private aktørar/instansar.
- Tilbod om kurs og undervisning i ulike tema for pasientar, pårørande og fagfolk.
- Oppfølging av individuell plan i tråd med lovverket.
Eksempel på aktuelle område for tilvising er komplekse utfordringar knytt til åtferd, aldring, livsstil, kommunikasjon og samhandling, sosial kompetanse, seksualitet og samliv, tilrettelegging av omsorgstenester.
Habiliteringstenesta har eit særskild ansvar for oppfølging av sosialtenestelova kap. 4A.
Tilvising frå lege på eigne skjema skal sendast til
Seksjon rehabilitering, habilitering, læring og meistring.
Postboks 2175,
5504 Haugesund
Last ned skjema for tilvising
Publisert
02.09.2010 13:11 |
Endret
30.11.2011 14:00