Designelement
 

Habilitering barn 

 
Habilitering av barn frå dei er nyfødde opp til 18 år med medfødt eller i barnealder erverva sjukdom/skade.
 

Teamet har følgjande fagpersonar: Barnelege, psykologspesialist, psykolog, vernepleiar, spesialist i barnefysioterapi, spesialergoterapeut, spesialpedagog og barnevernspedagog.

Målgruppe
Barn frå dei er nyfødde opp til 18 år med medfødt eller i barnealder erverva sjukdom/skade, og som har behov for spesialkompetanse.

Korleis arbeider vi?

Teamet arbeider både tverrfagleg og særfagleg, og oftast i utstrakt samhandling med kommunale instansar som PP-tenesta, helse-og sosialtenester, skule og dagsenter. Kvinne/barn-klinikken i Helse Fonna, barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, og dei statlege kompetansesentra er viktige samarbeidspartnarar.

Oppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering
  • Spesialisert behandling
  • Tiltak/rettleiing blir gitt i høve til språk/kommunikasjon, IKT-hjelpemiddel,  sosiale/emosjonelle/kognitive og motoriske evner Dessutan rettleiing i høve til rettar og ytingar
  • Tilbod om behandling til førskulebarn med CP i form av grupper for intensiv motorisk trening
  • Kompetanseoverførande oppgåver til førstelina i form av direkte opplæring/rettleiing til foreldre/fagfolk i brukarsaker
  • Kurs og undervisning
  • Oppgåver i høve til individuell plan i følgje lovverket

Tilvising frå lege på eigne skjema skal sendast til
Seksjon rehabilitering, habilitering, læring og meistring
Postboks 2175
5504 Haugesund

Last ned skjema for tilvising


Publisert 02.09.2010 12:52 | Endret 30.11.2011 14:00 

 Kontaktinformasjon

Funksjonsleiar
Ambjørg Løyning 
Telefon: 52 73 46 14

 Les meir

Seksjon rehabilitering, habilitering, læring- og meistring i Helse Fonna har fleire tilbod.

Læring og meistring

Habilitering

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest