Designelement
 

Trygg rygg - ryggpoliklinikk 

 
Trygg rygg er eit tverrfagleg poliklinisk behandlingstilbod til personar som har vondt i ryggen og der plagene ikkje går over av seg sjølv.
 

Trygg rygg, Stord sjukehus (Foto: Eirik Dankel)

Trygg rygg er eit tverrfagleg poliklinisk behandlingstilbod til personar som har vondt i ryggen og der plagene ikkje går over av seg sjølv.

Tilbodet er basert på forsking og europeiske retningsliner for behandling av vond rygg og vil derfor vere under kontinuerleg utvikling.

Personar som blir tilvist til Trygg rygg blir først kalla inn til undersøking hos lege (fysikalsk medisinar). Her blir rygglidinga vurdert og farlege tilstandar blir utelukka. Dei som kan ha nytte av det blir no tilvist til ryggkurs. Vi har eit mål om kort ventetid frå legeundersøking til kurs.

Ryggkurset går over to dagar. Du får undervisning om korleis ryggen er bygd opp og korleis ulike strukturar i ryggen samhandlar og kan gi ryggsmerter. Ein del av kurset er praktisk der ein prøver ut ulike aktivitetar i gymsal. Målet er å formidle kunnskap som kan gi innsikt og tryggleik rundt eigen situasjon, danne grunnlag for betring og oppretthalde aktivitet og arbeid.

Deltakarane på kurset blir innkalla til individuell samtale etter nokre veker. Pasienten har då høve til å ta opp aktuelle spørsmål i etterkant av kurset. Ein tek også opp for kva grad personen klarer å implementere den nye kunnskapen i sin kvardag.

Tverrfagleg team
Evidensbasert forsking tilrår ei tverrfagleg tilnærming til ryggsmerter. Teamet ved Trygg rygg er derfor samansett av fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar, legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering og helsesekretær.

Tilvisning
Trygg Rygg er ein del av spesialisthelsetenesta. Det er difor krav om tilvising frå lege eller anna helsepersonell med tilvisingsrett.

Trygg Rygg kan også vera eit ledd i ”Raskare tilbake”.


Publisert 05.10.2011 15:08 | Endret 01.11.2011 14:11 

 Kontakt oss

Trygg rygg har lokale i K-blokka på Stord Sjukehus.

Telefon
53 49 08 71 / 53 49 08 72

Tilvisingar skal sendast til
Poliklinikk for fysikalsk medisin
Seksjon Fysikalsk medisin og rehabilitering
Stord Sjukehus
Pb. 4000
5409 Stord.

Tilvisningar ved ”Raskare tilbake” skal sendast til
Helse Fonna HF
”Raskere tilbake”-tilvisningsmottak
Pb 2170
5504 Haugesund

 Bilete frå eininga

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: (+47) 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktør: Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest