Ved avdelinga har vi eit terapibasseng som er oppvarma til 34 grader. Det er òg takheis for personar med funksjonsvanskar som bruker bassenget.
Kven kan nytte bassenget?
Polikliniske pasientar kan nytte bassenget når dei har rekvisisjon frå lege. Dei trener då i grupper på tre personar etter treningsprogram utarbeidd av behandlande fysioterapeut eller frå tidlegare rehabiliteringsopphald.
Hjelpepleiar ved avdelinga koordinerer timane i bassenget og rettleiar i treninga etter generelt treningsprogram eller program som er utarbeidd for den enkelte.
Bruk av basseng
Opningstider
For polikliniske pasientar er bassenget ope for trening klokka 08.30-11.00 og kl.13.00-14.00.
Telefon
Om du vil nå oss på telefonen er det lurt å ringe i dei tidene bassenget er ope for trening. Telefon: 53 49 10 75
Utanom desse tidene har hjelpepleiar arbeidsoppgåver ved dei andre avdelingane på sjukehuset.
Rehabiliteringsavdelinga ved sjukehuset brukar også bassenget til sine pasientar.
Publisert
05.10.2011 15:06 |
Endret
06.10.2011 15:39