Designelement
 

Sengepost rehabilitering 

 
Sengeposten har åtte plassar for pasientar med behov for tverrfagleg, spesialisert rehabilitering.
 

På grunn av oppussing av Stord sjukehus i 2011 blir avdelinga vere lokalisert ved Haugesund sjukehus i perioden 01.09.2011 til 31.01.2012 (perioden kan bli utvida).

Tilbodet ved sengeposten er ikkje bunde til einskilde diagnosar. Pasientane kan til dømes ha behov for spesialisert rehabilitering etter hjerneslag, multitraume, komplisert ortopedi eller nevrologiske sjukdommar. Lengd på opphald i avdelinga blir vurdert individuelt.

Vi tilbyr:

  • Utgreiing av funksjonar
  • Utgreiing av potensiale for rehabilitering
  • Intensiv trening/rehabilitering

Vi vil legge vekt på individuelt tilrettelagde program i samarbeid med pasient og pårørande.

Vi samarbeidar med andre fagavdelingar i sjukehus og instansar som skal følgje opp rehabilitering i kommunane etter utskriving frå avdelinga.

Personale
Personalgruppa er tverrfagleg sett saman. Medisinskfagleg ansvarleg er spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering. Andre faggrupper er sjukepleiar, hjelpepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, logoped og psykolog. Vi samarbeidar med andre faggrupper etter behov.

Tilvising
Tilvising kan sendast avdelinga frå andre einingar i sjukehusa og frå primærlege i kommunane.
Eige tilvisningsskjema skal brukast. Tverrfagleg inntaksteam vil vurdere


Publisert 05.10.2011 15:03 | Endret 06.10.2011 11:28 

 Bilete frå eininga

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: (+47) 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktør: Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest