Ergoterapi fremmar helse gjennom aktivitet og deltaking. Ergoterapeutane nyttar aktivitet direkte i behandling og opptrening, og indirekte ved å leggje til rette for gjeremål gjennom tilpassing av omgjevnadane og bruk av tekniske hjelpemiddel.
Ergoterapi inneber både førebygging, utreiing, trening, rehabilitering og vedlikehald av funksjon. Tiltaka tek sikte på å fremme meistring av eigen kvardag, og tek alltid utgangspunkt i pasientens eigne ønskjer og mål.
Kvar finn du oss
Ergoterapeutane er organisert under seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering. Sjukehuset har to ergoterapeutstillingar og desse er i hovudsak knytt til rehabiliteringsavdelinga og slageininga på sjukehuset, men tilbyr tenester til dei andre avdelingane ved behov. Vi held til i 1. etasje, under den gamle fødeavdelinga.
Kva gjer vi
Ergoterapeutane følgjer opp pasientar etter tilvising frå lege, og i tverrfagleg team. I det tverrfaglege arbeidet bidrar ergoterapeutane med:
- Kartlegging gjennom samtale, testar og undersøking
- Kognitiv kartlegging ved hjelp av enkle standardiserte testar
- Observasjon av aktivitetsutføring
- Førarkortvurdering
- Trening i daglege aktivitetar
- Trening i høve arm-/hand-funksjon
- Kognitiv trening
- Naudsynt tilrettelegging med tekniske hjelpemiddel
- Kontakt med kommuneergoterapeut ved behov
Publisert
05.10.2011 14:34 |
Endret
01.11.2011 14:16