Avdelinga har ergoterapeut som administrativ leiar. Vi har lokaler i 1.etasje ved inngangen til gamlebygget. Avdelinga er velutstyrt med mellom anna treningssal og oppvarma terapibasseng.
Avdelinga disponerer totalt 8 stillingsheimlar og er sett saman av fleire faggruppe. Vi yt tenester til alle sengepostane ved sjukehuset og behandlar i tillegg pasientar utan innlegging.
Dei daglege arbeidsoppgåvene er mange og varierte og skal dekke behovet til ulike pasientgrupper for rehabilitering i akuttfasa. Vi kan tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Våre viktigaste oppgåver ved avdelinga er kartlegging og analyse av pasienten sin funksjon og ressursar. Desse vurderingane saman med pasienten sine eigne mål dannar grunnlaget for dei tiltaka som blir sett i gang. Tiltaka er hovudsakleg aktiv opptrening der funksjonstrening står sentralt.
Dei tilsette ved avdelinga er ein del av det tverrfaglege teamet som legar, pleiarar og anna personal ved sjukehuset.
I samband med utskriving av pasientar samarbeider vi med helsepersonell utanfor sjukehuset.
Ein dag kvar månad kjem det ein ortopediingeniør frå Drevelin AS i Bergen og har poliklinisk verksemd ved avdelinga.
Publisert
23.08.2010 13:27 |
Endret
11.04.2012 11:12