Barnepsykiatrisk post (BPP) er ein 7-døgnspost med 4 døgnplassar og ei akuttseng for barn i alder 6-12 år. Posten dekker heile Helse-Fonna området.
BPP har både planlagde innleggingar og akutt hjelp funksjon (ØH).
Akutt hjelp er ofte ein kort innleggelse kor ein har fokus på stabilisering, i forhold til søvn, ro og kvile, og kor ein har mulighet til å observera og vurdera vidare behandlingsbehov.
BPP gir eit tilbod til barn som strevar med samspillsvanskar, angst, depresjon, tankekaos, vanskar i utviklinga - ofte i kombinasjon med andre vansker. Eit planlagd utrednings- og behandlingsopphold kan vare frå 2-4 veker, alt etter alvorlighet og behov.
Barn som kjem til oss, bur i avdelinga mandag til fredag og reiser heim i helga. Foreldre/foresatte er med under heile oppholdet,
jmf. Forskrift om barn på sykehus.
Under oppholdet får barna eit skuletilbud ved Hollenderhaugen skulesenter, som vil ha eit samarbeid med heimeskulen til den enkelte.
Les om Hollenderhaugen skolesenter
Vi gir hjelp til å forstå og meistre vanskane, oppstart av behandling, støtte og rettleiing til barna og familien/foresatte, samarbeid med andre instansar under og etter oppholdet.
Kven er vi
BPP ligger i 2 etasje på BUP-bygget og har eigen inngang.
På avdelinga møtar du og foresatt fagpersonar som har barn med psykiske vanskar som sitt kompetansefelt. Vi har god erfaring med å arbeida saman med barn som strevar på ulikt vis.
Før ei planlagd innlegging, vil vi ha eit møte og eit heimebesøk for å bli litt betre kjent før ein kjem til avdelinga.
Ved ei planlagd innlegging vil du og foresatt ha kontakt med ein ansvarleg behandlar som entan er lege eller psykolog. Du og foresatt vil også samarbeide tett med 2 miljøterapeutar som følgjer deg gjennom heile oppholdet.
Barn og foresatt får eige rom med bad under oppholdet.
Publisert
20.09.2012 12:41 |
Endret
11.10.2012 13:24