Autismetyngdepunkt i Helse Fonna er ein del av Regionalt fagmiljø for autisme i Helse Vest.
Vi har fokus på pasientar med trippeldiagnosen psykisk utviklingshemming, autisme og psykisk liding og/eller særs utfordrande atferd. Tyngdepunktet har fagpersonar frå barne- og ungdomspsykiatri og vaksenpsykiatri. Nettverkskoordinator administrerer Tyngdepunktet.
I tillegg til jamnleg møteverksemd, arbeider vi med klinisk virksomhet knytta opp mot pasientsaker innan og utanfor eige føretak.
Følgande faggrupper er representerte:
- Klinisk pedagog
- Psykolog
- Forskar
- Spesialpedagog
- Samfunnsvitar
Klinisk konferanse
Kvar onsdag blir saker lagt fram i klinisk konferanse. I tillegg er tyngdepunktet i Helse Fonna ein aktiv deltakar i utviklinga av det nasjonale multisenterstudiet i regi av Rikshospitalet/Autismeenheten som omhandlar forskning retta mot trippeldiagnosen.
Klinisk konferanse skal bistå 2.-linetenesta i konkrete pasientsaker innan utredning, differensialdiagnostikk og behandling. Behandlaransvar forblir liggande hos den som har meldt inn saka.
Følgande einingar vil vere representerte:
- BUP Stord
- BUP Haugesund
- Seksjon spesialisert behandling, Haugesund
Saker skal meldast til nettverskoordinator Hildegunn Waage. E-post: hildegunn.waage@helse-fonna.no
Prosedyre for henvending og oppfølging
Kortfatta skriftleg oppsummering av saka med problemstilling skal sendast inn til nettverkskoordinator per e-post. Nettverkskoordinator sett opp tid for klinisk konferanse fortløpande.
Tid: Onsdag, kl. 12.30-14.00
Stad: Møterom UIP037 (psyk. kjeller), Haugesund sjukehus. Moglegheit for videokonferanse.
Publisert
22.10.2010 14:42 |
Endret
24.05.2011 11:45