Designelement
 

Leve og oppleve 

Helse Fonna sitt dekningsområde inkluderar 19 kommunar i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger og strekk seg frå Skudeneshavn i sør til Utsira i Vest, Odda i aust og Kvinnherad i nord.

Friluftsliv
Nærleik til sjø, fjell, vatn og skog gjer området til eit eldorado for den friluftsinteresserte. Her fins mange aktive lokallag av Turistforeininga, idrettsklubbar og friidrettslag, samt private aktørar innan paintball, strikkhopp og havrafting.

Bygd og by
Du finn heile seks byar i Helse Fonna sitt dekningsområde: Haugesund, Kopervik, Stord, Åkrehamn, Skudeneshavn og Odda. Dei kan alle tilby eit rikt handels- og uteliv med det ein kan ønskje seg av butikkar, kaféar, kino, kjøpesenter, museum og galleri.
I tillegg har ein ei heil rekkje blomstrande bygder og tettstadar.

Festivalsommar
Vår og sommar er høgtid for festivalar. Dei mest kjente er Sildajazzen og Filmfestivalen i Haugesund, Skånevik Bluesfestival og Vikedal Roots Music Festival, Vikingfestivalen og Skudedagane på Karmøy, samt Mostraspelet på Bømlo. Dei siste åra har Haugesund fått eit nytt tilbod i Vise- og lyrikkfestivalen. I Sunnhordland har ein òg fleire festivalar å velge mellom: Øyo og Stordfest på Stord og Tysnesfest på Tysnes.

Transport og infrastruktur
Det er enkelt å komme seg til Haugalandet, Hardanger og Sunnhordland. Området har eit velutvikla buss- og båtnett med hyppige avgangar. Flaggruten går dagleg frå Stavanger til Bergen med stopp på Karmøy, i Haugesund, på Stord og Bømlo. På denne strekninga opererer òg Kystbussen.

Karmøy har eiga lufthamn med daglege avgangar til Oslo og Bergen så vel som eit utanlandstilbod i vekst. I 2011 kunne du nå ni utanlandske byar i i sju land med direktefly: Spania, England, Tyskland, Polen, Italia, Danmark og Hellas. Frå Stord Lufthamn går der rutefly til og frå Oslo seks dagar i veka.

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: (+47) 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktør: Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest