Designelement
 

Jobbsøk 

 Å jobbe i Helse Fonna


Å jobbe i ei kompetansebedrift som Helse Fonna er spennande og krevande. Her vil du møte menneske i vanskelege livssituasjonar som treng ulik hjelp.

Helse Fonna er avhengig av dyktige medarbeidarar frå mange fagfelt for å kunne fremme helse og livskvalitet. Vi har i dag over 3200 tilsette, men er alltid på jakt etter deg som har den rette kompetansen og ønske om å jobbe i helsesektoren.

Blant våre tilsette finn du sjølvsagt sjukepleiarar, legar, radiografar og anna helsepersonell, men òg økonomar, juristar, reinhaldarar, prestar og folk med teknisk utdanning. I eit helseføretak har vi behov for mange ulike typar kompetanse.

I Helse Fonna kan du jobbe i store delar av Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Instiusjonane våre er lokaliserte i Haugesund, Odda og Kvinnherad, og på øyene Karmøy og Stord. Du kan lese meir om Helse Fonna og korleis vi er organiserte under Om oss - Om helseføretaket.

Vi ønsker deg velkomen til å søkje stilling hos oss.

Sjå video frå kvardagen i Fonna og frå Haugalandet



Glimt frå kvardagen i Helse Fonna. (Video: Helse Fonna)



Å leve og bu på Haugalandet. (Video: Eivind Fiksdal)

 Brukarrettleiing


Treng du hjelp til å sende søknad elektronisk? Les rettleiinga.

Er du allereie registert som søkjar, men ønsker å oppdatere CV-en din i WebCruiter? Logg inn her.


 Sosiale media


Besøk Helse Fonna på Twitter  Besøk Helse Fonna på Facebook  Besøk Helse Fonna på Vimeo 
Besøk Helse Fonna på Flickr  Besøk Helse Fonna på Youtube
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest