Kreftomsorg og lindrande behandling - nettverk av ressurssjukepleiarar i Helse Fonna føretaksområde.
Helse Fonna, kommunane i Helse Fonna-området, Kreftforeningen og Kompetansesenter i lindrande behandling helseregion vest har eit formalisert nettverkssamarbeid mellom ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling. Føremålet med nettverket er kompetanseheving, samhandling og samarbeid mellom ressurspersonar slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, og deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå i helsetenesta.
Det er utarbeidd ein eigen avtale om samordning i felles nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling mellom dei nemnde partane.
Publisert
24.08.2010 22:59 |
Endret
19.04.2012 13:47