Designelement
 

Avvik og uønska hendingar 

 
Nye rutinar for handtering av avvik på samarbeidsavtalar mellom Helse Fonna og kommunane frå 1. januar 2013.
 

Helse Fonna og kommunane har lang tradisjon for forpliktande samarbeid der melding av avvik mellom partane har vore ein integrert del. Frå 2012 er samarbeidsavtalar med tilhøyrande plikt til å handtere avvik, eit nasjonalt pålegg.

Handtering av avvik er skildra i Overordna samarbeidsavtale mellom kommunane og Helse Fonna i punkt 9. For å imøtekomme kravet i avtalen, vert det innført ny rutine for handtering av avvik frå 1.1.13. Samhandlingsutvalet har gitt tilslutning til ny rutine og legg vekt på at handtering av avvik vert sikrare, enklare og gjev grunnlag for statistikk som både Helse Fonna og kommunane kan nytte.

 Melding om avvik

Melding om avvik frå kommune til Helse Fonna

Kommunen melder avvik mot Helse Fonna ved å sende utskrift frå eige avvikssystem, eventuelt skriftleg melding til:

Helse Fonna HF
Postboks 2170
5504 Haugesund

Avvikskjemaet skal innehalde

  • Beskriving av hendinga der ein viser til kva for punkt og avtale det er avvik på.
  • Namn på klinikk og eining der avviket oppsto.
  • Strakstiltak som er sett i verk
  • Pasienten sitt namn og fødselsnummer
  • Namn på institusjon med kontaktperson, som melder avviket

Melding om avvik frå Helse Fonna til kommune
Tilsette i Helse Fonna melder avvik på samarbeid med kommune i Synergi. Prosedyre for korleis du melder og sender til kommune, finn du i Prosedyrehandboka under Overordna > Prosedyrer > Foretaksledelse > Samhandling.


Publisert 01.03.2012 10:42 | Endret 20.12.2012 16:04 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: (+47) 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktør: Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest