Frå nettsida: tryggmammamedisin.no
Åtte av ti kvinner hadde brukt minst ein medisin medan dei var gravide viser ei norsk undersøking. I same studien oppgir nesten like mange at dei hadde behov for informasjon om medisinar gjennom svangerskapet.
Som eit forsøksprosjekt er det nå opna ei gratis, offentleg informasjonsteneste der gravide og ammande kan stille spørsmål om nettopp medisiner. Alle spørsmål blir svara på av erfarne farmasøytar og legar som gir produsentuavhengig legemiddelinformasjon.
Tenesta finn du på tryggmammamedisin.no
Det er dei regionale legemiddelinformasjonssentrene (RELIS) som er ansvarlege for den nye informasjonstjenesta. Nettstaden er drifta med midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet, og er fristilt frå dei som produserer og seljer medisinar.
Kunnskap gir trygghet
- Internett byr på en informasjonsjungel som får mange til å tvile på svara dei finn sjølv. Kvinnene har behov for å vite kva som gjeld nettopp deira situasjon, og det er her Trygg mammamedisin kjem inn, seier prosjektleiar og farmasøyt Trude Giverhaug ved RELIS Nord-Norge, Universitetssykehuset i Nord-Norge.
Ho fortel at mange kvinner er bekyma for barnet dersom dei må bruke medisinar under graviditeten eller i ammeperioden.
- Vi ønskjer å bidra til auka kunnskap og tryggleik hos dei som treng medisinar, men samtidig unngå at gravide og ammande brukar medisinar som kan være skadelege. Ved å gi informasjon til den enkelte, ønsker vi å bidra til at mor blir trygg på den behandlinga ho treng. Samtidig vil vi informere om den risikoen bruk av medisin nokre gonger kan innebere for foster eller diebarn, forklarar Sofia Frost Widnes, farmasøyt ved RELIS Vest, Haukeland universitetssykehus.
Ser nye muligheiter
Dei regionale legemiddelinformasjonssentra (RELIS) blei etablert for nærmere 15 år sidan, og har i alle desse åra vore ei teneste for helsepersonell. Med tryggmammamedisin.no er de opna opp for at også publikum kan få gratis og nøytral informasjon om medisinar. Om denne nye tenesta viser seg å være vellukka, ser ikkje Giverhaug og Widnes bort frå at det kan bli aktuelt å utvide tilbodet.
- Trygg mammamedisin er eit prøveprosjekt som pågår ut året. Om det viser seg å bli vellukka ønsker vi å videreføre denne tenesta. På lengre sikt kan det også bli aktuelt å utvide tilbodet til andre pasientgrupper, seier dei.
Publisert
10.10.2011 13:30 |
Endret
10.10.2011 13:44